fbpx

Sinnemestringstilbod for menn på Sunnmøre

Reform har etablert eit eige sinnemestringstilbod på Sunnmøre. Ta kontakt!

Ingrid

Er du, eller kjenner du, ein mann som har vansker med å kontrollere sinne ved å:
– utagere
– mot andre (til dømes med fysisk vald, bruk av truslar og skjellsord)
– mot ting (til dømes ved å knuse ting, smelle med dører)
– mot seg sjølv (til dømes ved å skalle i veggen)
– undertrykke til dømes bli taus og inneslutta

Det å takle sinne på ein usunn måte kan være øydeleggande for relasjon til andre. Mange familiar går i oppløysing grunna ukontrollert sinne og vald. Born er svært sårbare for ukontrollert sinne og vald, anten dei er utsette eller vitne til utagering. Vald (både fysisk og psykisk) mot andre er straffbart og mange har måtta sone fengselsstraff. Menn som har nytta seg av Reform sitt sinnemestringstilbod, har sagt at forholdet til barn og familie har blitt betre i løpet av kontakten.

Kva er Reform sitt sinnemestringtilbod?
Reform sitt sinnemestringstilbod er eit lågterskel hjelpetilbod til menn som taklar sitt sinne på ein usunn måte. ”Lågterskel” hjelpetilbod er at ein kan ta direkte kontakt med Reform utan henvisning frå lege eller andre instansar.

Reform sitt sinnemestringstilbod har fokus på:
  • bevisstgjering av eigne kjensler, haldningar og adferd
  • ansvar for eigne kjensler og eigen adferd
  • bevisstgjering av konsekvensar for seg sjølv, partner og born
  • nye strategiar for å handtere sinne på ein sunn måte
Reform sitt sinnemestringstilbod består av:
  • Sinnemestringskurs (i samarbeid med familievernkontoret i Ålesund). Kurset er eit gruppetilbod der kvar gruppe kan ha inntil 8 deltakarar, og vert leia av 2 terapeutar. Kurset går over 12 samlingar.
  • Oppfølgingskurs.
  • Einesamtaler – tilbodet består av ein pakke på 12 samtaler (60 min) og tidspunkt vert avtala mellom klient og terapeut. Innhaldet i samtalane fylgjer Reform sin sinnemestringsmetodikk.
Deltakarane må betala ein eigenandel.

Partnerkontakt er inkludert i Reform sitt sinnemestringstilbod.

For meir informasjon eller for påmelding, kontakt Reform på telefon 22 34 09 50, eller Ingrid Sævik (terapeut på Sunnmøre) på telefon 91 69 46 30.
Reform avatar Reform – ressurssenter for menn

Reform – ressurssenter for menn er en politisk uavhengig stiftelse som arbeider for at menn skal inkluderes i likestillingsarbeidet, og at likestillingsarbeid skal inkludere menn. Reform driver hjelpetilbud for menn, dokumenterer og formidler kunnskap om menns og gutters livssituasjon, og er en synlig aktør i norsk likestillingspolitikk.

Meld deg på Reforms nyhetsbrev

Vi sender jevnlig ut nyhetsbrev med samfunnsrelevante kommentarer, nyheter, med mer.

Close Menu Icon